Møte med NVE om avvika

Foreninga har dei siste månadene fått stadig fleire meldingar frå medlemmer som er bekymra for om dei får rett på elsertifikater. Dei har søkt og motteke brev frå NVE om at det er avdekka avvik mot godkjenninga. Småkraftforeninga har no fått møte med NVE om saka. Det er stor forvirring om sakene. Mange melder at avvika dei har, er langt under det NVE sjølve meiner dei tolererer, medan NVE fastheld at dei har ein god praksis på dette.
Det er vikig for forreninga å komme til bunns i saka, og vi har derfor avtale eit møte med NVE om saka i byrjinga av august.

Me vonar at me då kan komme attende til medlemmane med ei klargjering av praksis og framgongsmetode hjå NVE og for dei råka.