Nei til Sjåstad kraftverk i Lier

NVE har sagt nei til ein søknad frå Elvekraft AS om løyve til bygging av Sjåstad kraftverk i Lier. Årsaka er omsyn til ei bekkekløft av nasjonal verdi. I ei pressemelding seier NVE at bakgrunnen for avslaget er at tiltaket er planlagt i eit område som gjennom DN sitt bekkekløftprosjekt er vurdert til nasjonalt viktig.
Det er funne ei rekkje raudlista artar, og det er eit stort potensiale for funn av fleire. Vanskeleg terreng gjer at inngrepet får stort omfang. NVE meiner dette vil gjere bekkekløfta si verdi vesentleg ringare.

Sjåstad kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 2,1 MW og ein årleg produksjon på om lag 5,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til 260 husstandar.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging.

Les pressemeldingen her