NVE har gjeve Kalklavkraft løyve til å byggje Kalklav kraftverk. Etaten meiner dei positive verknadane av utbygginga er større en ulempane for reindriftsnæringa. Kalklav kraftverk i Brønnøy kommune er planlagt med ei installert effekt på 5.35 MW og ein produksjon på om lag 13,5 GWh årleg, noko som svarar til straumbruken til rundt 675 husstandar.
NVE meiner at kraftverket vil ha negative verknadar for reindrifta og for landskapet i Kalklavdalen, som er urørt av tekniske inngrep. Av omsyn til reindrifta og landskapet har NVE sett vilkår om at vassvegen skal gå i tunnel heile vegen frå inntaket og til kraftstasjonen, samt sesongvariert minstevassføring.
Mer informasjon hos NVE.