Løyve til Gjønaelva

NVE har gjeve løyve til å bygge Gjønaelva kraftverk i Fusa kommune i Hordaland. Etaten meiner at utbygginga ikkje er til skade på området, trass i at det går aure i vassdraget. Gjønaelva kraftverk vil produsere omlag 9 GWh, og vil kunne dekke det årlege straumforbruket til omlag 450 husstandar. Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på omlag 240 meter. Vatnet skal førast i tunnel i øvre del og deretter nedgrave fram til kraftstasjonen. Det er ikkje knytt store landskapsmessige verdiar eller naturverdiar til elvestrekninga der det er søkt om utbygging.
Kraftstasjonen vil bli plassert nedanfor fossen, som er naturlig vandringshinder for auren i vassdraget. Elva har gode gyte- og oppvekstområder for aure, men det er berre ein liten del av gyteområdet som blir påverka av utbygginga. Fossen vil få redusert vassføring, men NVE meiner at verdien av fossen som landskapselement vil bli ivareteke med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring.

Storauren gyter i utløpet av Gjønaelva i Gjønavatnet og vil ikkje verte direkte påverka av utbygginga. NVE sett likevel vilkår om installering av forbisleppingsventil for å unngå brå endringar i vassføringa ved stopp i kraftverket.