Prisane i kraftmarknaden gjekk nedover forrige veke, men dette ser ut til å snu i dag. Vi er inne i ein høgtrykksperiode og i tillegg er varsla framover tørrare og kjølegare enn på lenge. Brenselsprisane aukar også. Til saman gjev desse faktorane signal om at prisane skal oppover, noko som også skjer i marknaden i dag. Samstundes må vi hugse på at vi tidlegare i haust fleire gonger har sett at dei varsla høgtrykka ikkje kjem eller blir kortvarige.
Det er avgjerande at høgtrykka blir stadfesta i værvarsla dei neste dagne dersom vi skal sjå prisauke framover. Uansett er oppsida avgrensa av god hydrobalanse og høg kjernekraftproduksjon.
Systemprisen gjekk endå meir ned forrige veke til 239,76 NOK/MWh. Alle dei norske prisområda låg under systemprisen; NO1, NO2 og NO5 lågast med 238,20 NOK/MWh, NO3 på 239,58 NOK/MWh og, NO4 på 239,41.
Prisane på elsertifikat har auka ein god del og vart i slutten på veke 47 omsett til 181 NOK/MWh.