Løyve til to kraftverk i Stor-Elvdal

NVE har gitt løyve til dei to kraftverkane Styggberget og Kolåsmyrfallet kraftverk i Stor-Elvdal i Hedmark. Til saman får dei to ein installert effekt på 10.7 MW. Styggberget kraftverk er planlagt med ein installert effekt på opptil 6,1 MW. Kolåsmyrfallet kraftverk er planlagt rett nedstrøms Styggberget kraftverk, og vil få ein installert effekt på 4,6 MW.
Kraftverka vil då gje ein samla årleg produksjon på omlag 28 GWh, noe som svarar til den årlege straumbruken til om lag 1250 husstandar. Det er selskapet Kiær Mykleby, eigd av Anne Ulvig og Anders Kiær, som har søkt om løyve.

NVE meiner at ein utbygging av Styggberget og Kolåsmyrfallet kraftverk vil gi ei god utnytting av vassressursane i eit allereie regulert vassdrag. Omsynet til biologisk mangfald, landskap og kulturlandskap, friluftsliv og brukarinteresser er vektlagt, og NVE meiner at ulempene kan avbøtast ved at overføringa av Hortabekken blir tatt ut av planane for Kolåsmyrfallet kraftverk, og at det ikkje vert gjeve løyve til 6 m regulering i inntaksmagasinet til Styggberget kraftverk.