Marknadskommentar veke 50

Vi er framleis inne i ein tørr og kjøleg periode. Samstundes er kjernekraftproduksjonen i Sverige redusert på grunn av at Oskarshamn 2 er teke ut til revisjon og Oskarshamn 1 ikkje fekk gjennomført tesperiode som planlagt førre veke. Kombinasjonen av dette har gjort at vi har fått uventa høge spotprisar denne veka og dette ventar ein vil toppe seg i morgon for så å gå nedover på grunna av mildare værvarsel rundt helga.
Systemprisen for veke 49 enda på 355,85 NOK/MWh. NO1 hadde ein områdepris på 341,76 NOK/MWh, NO2 hadde områdepris på 320,03 NOK/MWh, NO3 og NO4 låg på 366,22 og NO5 på 341,75 NOK/MWh.

Prisane på elsertifikat har gått litt ned og vart omsett på 178,5 NOK/MWh før helga.