Marknadskommentar veke 51

Vervarsla svingar og prisane i kraftmarknaden svingar i tråd med desse. Trass i at vi i desse dagar er inne i ein mild vertype held prisane seg forholdsvis høgt. Eit døme på dette er at spotprisen for i morgon kom ut betydeleg høgare enn det dagskontrakta blei omsett for. Basert på det vervarslet som er no trur vi på ei sidevegs utvikling av prisen den neste veka.
Systemprisen for veke 50 enda på 360,03 NOK/MWh. NO1 hadde ein områdepris på 364,25 NOK/MWh, NO2 hadde områdepris på 354,54 NOK/MWh, NO3 på 360,93 NOK/MWh og NO4 låg på 360,88 og NO5 på 364,16 NOK/MWh.

Prisane på elsertifikat har gått endå meir ned og vert no omsett for 176,5 NOK/MWh.