Godt nytt år til alle lesarar av marknadskommentaren! Etter nokre veker jule- og nyttårsferie er vi no attende med marknadskommentarar kvar veke. Sidan sist har vi hatt ein nedgang i dei daglege spotprisane utover i desember. Denne trenden snudde 2. januar og på bakgrunn av kalde og tørre værvarsel har spotprisen auka igjen dei siste dagane.
Langtidsvarsla melder kjøleg og tørt vær framover og hydrobalansen er komen på minussida. Dersom kjernekraftverka Oskarshamn 1 og 2 kjem inn som planlagt, i og rett over helga, vil dette kunne dempe oppgangen i spotprisane, men generelt trur vi på ein oppgang i prisane den neste veka.
Systemprisen for veke 1 enda på 251,07 NOK/MWh. Alle dei norske prisområda låg over systemprisen. NO1 hadde ein områdepris på 255,17 NOK/MWh, NO2 hadde områdepris på 254,11 NOK/MWh, NO3 og NO4 på 253,62 NOK/MWh og NO5 på 254,89 NOK/MWh.
Prisane på elsertifikat blir for tida omsett rundt 177 NOK/MWh.