Marknadskommentar veke 3 2013

Vervarsla er kalde og kjølege framover og hydrobalansen er komen ned på minussida. Oskarshamn 2 kom inn som planlagt med drift att på søndag. Vidare er også dei tyske og brenselsprisane med på å redusere presset oppover på kraftprisane. Likevel trur vi, med utgangspunkt i dei kalde og tørre værvarsla, på ein oppgang i prisane den neste veka.
Kraftprisane for veke to hamna godt over veke ein. Systemprisen for veke 1 enda på 293,86 NOK/MWh. NO1 hadde ein områdepris på 296,79NOK/MWh, NO2 hadde områdepris på 280,49 NOK/MWh, NO3 på 295,87, NO4 på 294,2 NOK/MWh og NO5 på 295,64 NOK/MWh.

Prisane på elsertifikat blir for tida omsett rundt 181 NOK/MWh.