Sidan forrige marknadskommentar har det kome inn mildare og våtare vervarsel. Vi er framleis inne i ein kald og tørr periode, men det ser ut til at det blir eit verskifte i enden av perioden og dette gjev marknaden signal om nedgang i prisane. Spotprisen låg gjennomgåande under marknadsforventningane den siste veka. CO2 prisen går nedover saman med kolprisen og den tyske kraftprisen. Totalbiletet tyder altså på nedgang i kraftprisane den neste veka.
Kraftprisane steig forrige veke. Systemprisen for veke 3 enda på 343,91 NOK/MWh. NO1 hadde ein områdepris på 354,38 NOK/MWh, NO2 på 324,05 NOK/MWh, NO3 på 347,2, NO4 på 345,73 NOK/MWh og NO5 hadde områdepris på 354,38 NOK/MWh.
Prisane på elsertifikat har stege sidan nyttår og blei fredag omsett for om lag 183 NOK/MWh.