Småkraftforeninga Hordaland har gleda av å invitere til småkraftseminar og årsmøte i lokalforeninga på Samnanger 14. februar. Tema for seminaret vert Vannforskrifta og kva den betyr for småkraftnæringa, og vert arrangert i smarbeid med Kraftsenteret i Samnanger. Sølve Sondbø frå Vassregion Hordaland orienterer om stoda i arbeidet med implementering av Vassforskrifta. Småkraftforeninga kommenterer kva dette betyr for utviklinga av småkraftressursane i fylket.
Prosjektleiar Geir Aspelund i Kraftsenteret vil orientere kort om arbeidet dei driv til beste for småkraftnæringa.
Det vert enkel servering. Etter at seminaret er over, vert det årsmøte med vanlege årsmøtesaker ved lokallagsleiar Lars Emil Berge.
Me møtast på Bjørkreim Krog & Motell i Samnanger, 14. februar klokka 18:00.
Påmelding til Henrik Glette.