ÅRSMØTE MØRE OG ROMSDAL

Møtet vert halde på Brusdalsheimen torsdag 14.februar 2013 kl. 18 – 20. Årsmøtet startar med at Jan Egil Torvnes m. fleire frå Tafjord Kraftnett held foredrag om nettilknyting og nettilknytingsavgift. Etter årsmøtesakene vert det servert gryterett, kaker og kaffi. Kostnad kr 190 pr pers.
Sak 1
Godkjenning av årsmelding og rekneskap:
Det har ikkje vore aktivitet i laget sidan siste årsmøte.

Laget har ein kapital på kr 5.120,50 i Sparebanken Møre.

Sak 2 val:
a.Det skal veljast nytt styre på 5 og 2 vara, alle har site i 2år.
Desse er dei sist valte i styret: Sist valte varamedlemar:
Gunnar Høydal leiar Petter Velle
Kolbjørn Nystuen Trond Ryslett
Olav Hauso
Birger Morstøl
Egil Berge
b. Leiar i styret
c. Nestleiar i styret
d. 2 varamedlemar til styret
e. Valkomite til neste år med leiar
f. Revisor fungerande revisor Harald Buset

Fungerande valnemnd er:
Magne Vik leiar, kallar inn til møte i valnemnda.
Karl Skotte
Petter Velle

For styret Egil Berge