– Den felles elsertifikatmarknaden med Sverige har fungert fantastisk bra, meiner Peder Chudi som arbeider som meklar med sertifikat i Sverige. Han opplever at dei norske aktørane er svært profesjonelle. Svenskane har hatt sertifikatsystemet heilt sidan 2003. På dei åra har prisen hatt både opp- og nedturar, men no er prisen på veg opp.
– Småkrafta kjem til å bygge meir enn dei store utbyggarane trur. I Sverige tok dei fart. I Sverige var det mest vindkraft sidan vi har lite vasskraft, men dei små vaks kraftig etter innføringa av grøne sertifikat, seier Schudi som trur det same kjem til å skje i Norge.
Sertifikata er til slutt finansiert av påslag til forbrukaran. Påslaget har i Sverige aldri vore over 6 øre. I 2012 var prisen for norske forbrukarar bare eit halvt øre i kostand for grønne sertifikat.
– Det at sertifikat har sin eigen økonomi uavhengig av statsbudsjettet gjer finansieringa meir stabil, ordninga blir finansiert over straumrekninga til forbrukarane, seier han.
Vil du sjå kva sertifikata er verdt frå time til time kan du gå inn på www.skm.se.