NVE samlar søknader i eitt område

NVE har no starta med å gruppere søknader frå eitt område for å vurdere dei samla. Eit område kan t.d. vere nett, kommunegrense, fjordsystem, vassdrag eller reinbeitedistrikt. Fordelen med å sjå på søknadene samla er at ein kan få – Betre samordning med nett.
– Gode miljøvurderingar
– Effektiviseringsgevinst
– Betre beslutningsgrunnlag
– Sikrer betre fremdrift

– Så langt er det gode erfaringar, seier Rune Flatby i NVE. Eit eksempel er Sørfjorden i Hardanger der det var 10 søknader i same fjord som vi såg under eitt. Der la vi vekt på landskap, reiseliv og friluftsliv.

Av dei 10 søknadene fekk 6 konsesjon og 4 avslag.