Prisene går ned – både på kraft og grønne sertifikater. Borgny Hatlestad Tveekrem hos vår samarbeidspartner NEAS kommenterer her markedet i Uke 21 som er preget av nedbør og mye vann. “Systemprisen har gått betrakteleg ned som følgje av høg produksjon og lite forbruk. Systemprisen for veke 20 vart 268,83 NOK/MWh. Alle dei norske prisområda låg over systemprisen NO2 var lågast med 268,86 NOK/MWh, medan NO3 og NO4 var høgast med 269,46 NOK/MWh. Kontrakta for veke 22 er ikkje omsett i dag, men blei før helga omsett for 262,97 NOK/MWh. Prisnedgangen skuldast værutsiktene med mykje uregulert kraftproduksjon, i tillegg til relativt store nedbørsmengder. På bakgrunn av dette trur vi at prisane skal endå lenger ned.
Prisane på elsertifikat har rasa nedover den siste tida og vert no omsett for om lag 158 NOK pr elsertifikat. Marknaden var prega av svært store prisvariasjonar på relativt liten handel. Tildelinga for april som kom før pinsehelga var noko høgare enn forventa, men det har vore lite handel etter at denne informasjonen kom.”