Straum ned – elsert litt opp

Straumprisane gjeng framleis ned medan sertifikatprisane peikar noko opp. Marknadskommentaren for Veke 25 kjem frå Borgny Hatlestad Tveekrem hos NEAS.

Marknadskommentar veke 25:
Med både temperaturar og nedbør godt over normalen ligg det an til ein vidare prisnedgang også framover. I tillegg er det meldt bra med vind resten av denne veka, dette held også dei tyske prisane nede. Samstundes aukar kjernekraftproduksjonen som følgje av at anlegg som har vore ute i revisjon byrjar å produsere att. Det er også nedgang i brenselsprisane. Samla sett peikar altså dei fleste faktorane mot ein nedgang i prisane.

Prisane har gått ned på alle omsette kontrakter gjennom dagens handel. Kommande veke er sist omsett i dag til 225,91 NOK/MWh.

Elsertifikata for mai månad er no utsted og totalt sett blei det utstedt litt mindre sertifikat enn forventa, totalt 1,1 millionar sertifikat. Utstedelsen av norske sertifikat gjekk mykje opp frå april til mai på grunn av snøsmelting og høg produksjon. Sverige hadde imidlertid det lågaste talet utstedte sertifikat sidan årsskiftet. Prisane på elsertifikat går litt opp og blir i dag omsett for om lag 163 NOK/MWh.