Tørrere og dyrere

Kraftprisene er på vei oppover etter tørrere værvarsel. Borgny Hatlestad Tveekreem i NEAS oppsummerer her markedet i uke 33.

“Sidan forrige marknadskommentar har kraftprisane gått oppover. Det kom eit skifte i marknaden som følgje av tørrare vervarsel. Hydrobalansen blir stadig betre og ligg no på berre -5,5 TWh. Brenselsprisane auka også på slutten av førre veke, medan signala frå aksjemarknadane er litt miksa. Veka startar roleg med liten omsetnad i kraftmarknaden, hittil ein liten nedgang på dei få kontraktene som er omsette.

Inneverande veke er det forventa høgare konsum som følgje av at ferien er over. Samtidig er det ein del kjernekraft som er ute for planlagt revisjon. På den andre sida er det meldt mykje nedbør og bra med vind. Systemprisen for veke 33 er venta å gå ned samanlikna med veke 32. Systemprisen for veke 32 vart 277,12 NOK/MWh litt høgare enn veka før. NO3 og NO4 kom ut med den høgaste områdeprisen på 284,12 NOK/MWh, medan NO1 og NO2 var lågast med 260,4 NOK/MWh.

Det har vore svært liten omsetnad i marknaden for elsertifikat dei siste vekene, men ein svak oppgang i prisane. Det er venta meir aktivitet no når hovudvekta av ferien er over. Sist omsett spotsal er 164 NOK/MWh.”