Den nye inndelinga av elspotområda bidrog til betydelege produksjonsendringar mellom elspotområda i veke 49. I NO5 blei produksjonen meir enn dobla, skriv NVE i sin siste kraftsituasjonsrapport.
Grensa mellom NO5 og NO1 vart flytta søraustover, frå Hardangerfjorden og inn i Hallingdal. Mykje produksjonskapasitet vart overført til NO5. Denne endringa forklarar dei store produksjonsendringane som fann stad i førre veke.
Frå veke 48 til 49 auka den norske kraftproduksjonen med 119 GWh til 3195 GWh. Det var ein auke på 3,9 prosent.
I elspotområda gjekk det slik:
– NO5 auka produksjonen med 400 GWh til 770 GWh (+ 108,1 prosent)
– NO1 var det ein nedgang på 366 GWh til 328 GWh (-52,8 prosent)
– NO2 gjekk produksjonen ned med 3 GWh til 1112 GWh (-0,3 prosent)
– NO3 hadde ein produksjonsauke på 26 GWh til 366 GWh (+7,7 prosent)
– NO4 auka produksjonen med 62 GWh til 619 GWh (+11,1 prosent)