Frå import til eksport i veke 8
Kraftproduksjonen i Noreg auka med 6,2 prosent frå veke 7 til 2996 GWh i veke 8. Produksjonen gjekk opp i alle elspotområda.
Sør-Noreg hadde den lågaste snittprisen på 24,69 øre/kWh, medan prisen i Vest- og Aust-Noreg låg på høvesvis 24,87 og 25,37 øre/kWh. Midt- og Nord-Noreg hadde lik pris i førre veke på 25,56 øre/kWh. Noreg gjekk frå å vere nettoimportør i veke 7 til å verte nettoeksportør av kraft i veke 8, skriv NVE i sin siste rapport om kraftsituasjonen. Nettoeksporten var på 32 GWh. Eksporten auka mest mot Danmark, der vindkraftproduksjonen var 25 prosent lågare enn i veke 7.
Høgare temperatur
I veke 8 var temperaturen om lag 2–4 grader over normalen i heile landet. For inneverande veke ventast noko høgare temperaturar med 4–7 grader over normalen.
Fyllingsgraden i norske magasin gjekk ned med 2,5 prosenteiningar i veke 8, til 48,3 prosent. Til same tid i 2013 var fyllinga 46,1 prosent.
Mindre nedbør
I veke 8 kom det 3,8 TWh med nedbør, eller 130 prosent av normalen for veka. Hittil i år har det komme 20,9 TWh eller 7,5 TWh mindre nedbør enn normalen. For veke 9 ventast det 2,0 TWh nedbørenergi, som er om lag 70 prosent av normalt for veka.
Berekna nyttbart tilsig for veke 8 er 0,9 TWh, noko som er om lag 110 prosent av normalt. Sum tilsig hittil i år er 7,7 TWh eller 0,2 TWh mindre enn normalt. Prognosen for veke 9 gir eit tilsig på 1,5 TWh, eller 250 prosent av normalt.
NVE sine berekningar gir i sum for det norske vasskraftsystemet rundt 10-15 prosent under normale snømengder ved utgangen av veke 8.