Sp vil spleise på småkraftnett
– Skal vi få meir fornybar energi, må vi bygge ut meir småkraft, og henge det på nettet, påpeker Sogn og Fjordane Sp i ein uttale frå fylkesårsmøtet 1. mars.
Ekstrarekninga for å kople nye kraftverk på straumnettet må dekkast gjennom eit nasjonalt spleiselag, meiner Senterpartiet.
– Dette er kraft som kjem heile landet til gode og desse kostnadane må sjølvsagt delast av alle som nyt godt av straumen, seier årsmøtet i uttalen.
Heile landet må med
Senterpartiet i Sogn og Fjordane er oppteken av at det vert produsert meir fornybar energi. Men det blir feil, gjennom nettleiga, å velta kostnadane over på innbyggarane i område der straumen blir produsert, meiner partiet.
– Storsamfunnet må legge til rette for at kapasiteten vert auka, gjennom eit spleiselag der heile landet er med, seier fylkesårsmøtet Sogn og Fjordane Sp.
– Gode signaler
Daglig leder i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit, er glad for at Sps fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane gir tydelig beskjed.
– Senterpartiets linje om kostnadsdeling er helt i tråd med vår politikk for å utløse mer klimavennlig energi. Å få dette til er en nasjonal utfordring som vil kreve en nasjonal løsning, sier han.