Fiskevennleg inntak for småkraftverk

For å hindre at utvandrande smolt og ål vert avliva i kraftverket, må det andre løysingar til enn dei som til no har vore i bruk.

– Trykket mot vasskraftbransjen aukar for å redusere skader og avliving av fisk som kjem inn i inntaket. Spesielt utfordrande er dette på småkraftverk, der det ikkje kan nyttast store ressursar til sofistikerte løysingar, seier NTNU-professor Leif Lia ved Institutt for vann- og miljøteknikk.
H-rista som vart presentert på Småkraftdagane i 2013 er no modifisert og vil bli presentert som eit fiskevennleg inntak, som med rett utforming kan sluse ål og andre fiskeartar forbi kraftverket, venteleg utan skader.
– Inntaket er under uttesting på NTNU Vassdragslaboratoriet og det ventast på fyrste høve til å teste dette i fullskala i eit vassdrag med ål. Inntaket visast også i ein liten «bordmodell» på Småkraftmessa, seier Lia.
Ein stor modell visast deltakarane på Småkraftdagane, under rundturen på NTNU torsdag 20. mars.