ICE satsar på kommunikasjon til småkraft

Ice.net har etter kvart fått ein del kundar med småkraftverk som treng kommunikasjon frå kraftstasjon eller damanlegg. Dei har gode tips om du ikkje har dekning akkurat ved inntaket. Å bygge kommunikasjon fram til eit kraftanlegg kan ofte bli dyrt på grunn av store avstandar til infrastrukturen. Då kan mobil kommunikasjon som bl.a. Ice.net vere eit alternativ. Men nede i bekkedalar kan det vere veldig svake signal.

Ole-petter Røstad i ICE har gode tips.
– Prøv å finn eit punkt litt lenger opp i fjellsida som har dekning. Vi har bærbare modem med innebygd batteri som er fine å finne dekning med. Då kan du sette opp ein stolpe der med antenne på, forklarar Røstad.

Er det rundt 2-300 meter opp til punktet kan det gå med vanleg ethernetkabel som ikkje har så høg kostnad. Store lengder med antennekabel er ikkje så aktuelt sidan det blir stort tap av signal i kabelen.

Ved større avstandar kan det vere aktuelt å bruke eit radiohopp med ein radiosendar i kvar ende. Da kan det også vere aktuelt å forsyne linkstasjonen med eit solcellanlegg.