Småkraftprisen til Olav Skeie

Olav Skeie frå Bygland blei tildelt Småkraftprisen 2014 under festmiddagen på Småkraftdagane. Han har ivra for småkraftverk ei årrekke og var med på å starte foreninga. Han kan det meste om småkraftverk og har ivra for å dele kunnskapen sin.
– Olav Skeie var den du tok kontakt med når det mangla kompetanse om private kraftverk, sa Trond Ryslett under utdelinga av prisen.

Olav var tidleg ute med informasjonsavis. Alt i oktober 1997 distribuerte han den fyrste utgåva av Småkraftnytt, produsert i Word og trykt opp med kopimaskin. Det var stor mangel på kompetanse og lite kunnskap.

Katalog
Olav Skeie starta med å gje ut «Småkraft-fakta» i 2002. Ein serie med innleiande kunnskap til nybyggarar. Han samla også alle utstyrsleverandørane i ein eigen katalog. Katalogen blei trykt opp i 2500 eksemplar.

Guru
– Han var den første guruen då dei små kraftverka fek sin renesanse midt på 90-talet. Levande interessert reiste han rundt i landet og heldt foredrag om utvikling og bygging av bekkekraftverk. Blant oppdragsgjevarane var kommunar, bankar og landbruksavdelinga hos fylkesmennene, seier Ryslett.

Olav Skeie var veldig glad og overraska over å få prisen.
– Slike prisar er det folk i 60-70-åra som får når dei går inn for landing. Eg syns eg er litt for ung.

Han var med å arrangere den fyrste småkraftmessa på Røros i 2002.
– Då var det 30-40 deltakarar og 3 leverandørar. Året etter i Førde kom det kanskje hundre. No er det nær 400 deltakarar og arrangementet har blitt ei gedigen mjøleku for foreninga, sa Olav Skeie.