Jamn pristrend nedover
Elsertifikatprisene har falt tilbake og er nå under nivået fra begynnelsen av februar, går det fram av markedskommentaren for uke 14, skrivet av Borgny Hatlestad Tveekrem, som er leder for handel hos NEAS.
Vintermånadane er omme og dei fleste av oss er mentalt innstilt på vår og lysare tider. Heilt sidan oktober har dei finansielle prisane kraftmarknaden hatt ein jamn trend nedover, med unntak av nokre korte oppturar innimellom.
Frå den 20. mars kom prisane kraftig opp som følgje av tørrare vervarsel, høgare CO2 og oljepris. Utover forrige veke normaliserte vervarsla seg og CO2 og oljeprisen har også gått litt ned. I tråd med dette har kraftprisane gått nedover og dei fleste kontrakter er under eller nærmar seg tidlegare botnnivå.
Temperatur og nedbør over normalen
Neste kvartal blir i dag omsett for 211 NOK/MWh og tredje kvartal er omsett for 203 NOK/MWh, medan årskontrakta for 2015 er omsett til 243 NOK/MWh.
Både systempris og områdeprisar har fleire dagar vore under 200 NOK/MWh, den 15. mars var systemprisen nede på 194,89 NOK/MWh. Dette har betra seg den siste veka og systemprisen for i morgon er sett til 261,83 NOK/MWh. Det er det høgaste sidan 20. februar. Diverre ser det ut til å bli kortvarig i og med at vervarsla i dag viser både temperatur og nedbør over normalen. Det er heller ingen andre faktorar som viser støtte eller signal om at dette prisinvået vil halde seg eller auke framover.
Elsertifikatmarknaden jamt nedover
Elsertifikatmarknaden hadde ein stor opptur den 12. februar då myndigheitene, i samband med kontrollstasjonen for 2015, publiserte at dei aukar etterspørselssida. Sidan den tid har prisane gått jamt nedover og er no under nivået vi hadde i starten på februar
I dag er det omsett elsertifikat i spot for 160 NOK/sertifikat. Dette skuldast i hovudsak at det er publisert tal som viser stor produksjon og utbygging av vindkraft og at det for tida er svært liten etterspurnad i marknaden. Kraftleverandørane har nok i stor grad dekka inn behovet for både 2013 og store deler av 2014.