Lågare kraftproduksjon i veke 32

Produksjonen i Sørvest-Noreg vart regulert ned med 22,2 prosent frå veke 31 til 32. Vedlikehaldsarbeid på fleire overføringslinjer ut av Sør-Noreg bidrog til at eksporten vart redusert.

Kapasiteten mellom Aust-Noreg og Sverige var redusert heile veka, og Skagerrak-kabelen mellom Sørvest-Noreg og Jylland hadde redusert kapasitet i store delar av førre veke. Mot slutten av veka var òg kapasiteten på Norned-kabelen redusert, skriv NVE i sin kraftsituasjonsrapport for veke 32.
Trass i dei store avgrensingane heldt kraftprisane i Sør-Noreg seg relativt stabile. Produksjonen vart regulert ned som en konsekvens av overføringsavgrensingane. Det bidrog til å dempe fallet i kraftprisane i Sør-Noreg.

Meir eksport frå Midt- og Nord-Noreg
Samstundes var det ein monaleg produksjonsauke i dei to nordlege norske områda. Dette medverka til at nettoeksporten frå Midt- og Nord-Noreg mot Sverige vart meir enn tredobla frå veka før, noko som delvis kompenserte for den reduserte eksporten frå Aust-Noreg.
Den norske totalproduksjonen ble redusert frå 2244 GWh i veke 31 til 2145 GWh i veke 32. Samstundes steig totalforbruket i Noreg frå 1759 til 1899 GWh, medan eksporten var redusert frå 485 til 346 GWh.

134 øre/kWh i Danmark
Nokre timar fredag morgon var det spesielt høge prisar på Jylland, med ein pristopp på 134 øre/kWh. Dette skuldast lav vindkraftproduksjon i kombinasjon med redusert overføringskapasitet frå alle dei omliggande områda.