– Endeleg er vi klare for påmelding for utstillarar til Småkraftmessa i mars, fortel Olav Skeie, som er prosjektleiar for Småkraftdagane.Nytt av året er at det er nettpåmelding, og påmeldinga skjer etter «først-til-mølla-prinsippet» på den nystarta nettsida smakraftdagane.no, som vil vere hovudsida for heile arrangementet. Alle dei 62 standplassane [http://www.smakraftdagane.no/dokument/Utstillarkart2014.pdf] er lagt ut i ein tabell med grønn farge på påmeldingssida, og etter kvart som reservasjonane blir gjort, endrar dei respektive standnr farge til raud, seier Skeie.
Når påmeldingsskjemaet [http://www.smakraftdagane.no/visside.php?id=45] er fylt ut, og du har trykt send, så får du få ein epost i retur med konfirmasjon av påmeldinga seier Skeie, som minner om at det er lurt å gå gjennom «utstillarkartet» på forhånd.
Påmelding i denne omgang gjeld berre reservasjon av standplass. Bestillingslink til Berg-Hansen Reisebyrå for overnatting, servering etc. vil det enkelte utstillarfirma få på epost straks dette er klart.
Småkraftdagane 2015 går av stabelen frå og med 17. til og med 19. mars på Rica Parken Hotel i Ålesund. Parallelt med Småkraftmessa blir det arrangert ein tre dagars konferanse.
Konferansen startar med NVE-dagen tirsdag 17. mars. Samme kveld blir det båttur til Devoldfabriken i Langevåg, der deltakarane får omvisning på Devold Kraftstasjon med påfylgjande koldtbord og kanhende litt kulturelt påfyll.
VELKOMEN SOM USTILLAR PÅ SMÅKRAFTDAGANE !