Mykje vindkraft senka kraftprisane

Høg vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige bidrog til eit fall i kraftprisane med om lag eit øre i veke 9, ifølge den siste kraftsituasjonsrapporten frå NVE.

Auka svensk kjernekraftproduksjon og lågare forbruk i Sverige og Finland samanlikna med veka før medverka óg til nedgang i dei nordiske kraftprisane.
Auka import til NO3 og NO4
Dei svenske kraftprisane (med unntak av SE4) og prisen på Jylland vart lågare enn dei norske, noko som førte til nedgang i norsk nettoeksport til SE3 og Jylland, medan importen til NO3 og NO4 auka.
I sum gjorde det at Noreg fekk ein nettoimport på 8 GWh i veke 9.

Negative straumprisar i Danmark
Trass i at samla vindkraftproduksjon var høgare i uke 8, blåste vinden slik at produksjonen kom på natta og i helgen i veke 9. Difor vart priseffekten av vindproduksjonen høgare i uke 9.
På søndag var det høgare vindkraftproduksjon enn forbruk i Danmark, noko som førte til negative straumprisar i seks timar.
 
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 9 (PDF).