Trur småkraft blir eigd av utlendingar

Småkraftgründeren Thorstein Jenssen trur mykje av norsk småkraft kjem til å hamne på utanlandske hender. – Eg trur at negativ rente i Tyskland gjer at mange investorar kjem til å sjå etter andre stader å plassere pengane. Då blir det positivt å få kanskje 5 prosent avkastning i Norge. meiner Jenssen.

Grûndarane Egil Kambo og Thorstein Jenssen hadde fått i oppgåve å reflektere over kva grunneigarar skal gjere i trange tider. Kambo meiner det er viktig å tenke samarbeid framover.
– Det er viktigare å ha ein mindre del og heller vere med i fleire prosjekt saman med andre som har kompetanse, meiner han.

Thorstein Jensen seier kraftprisen er låg og truleg vil halde seg slik til 2020. Då trur mange at prisen går opp.
Han ser at det blir eit rush dei neste fem åra.
– Det er så mange prosjekt i marknaden at halvparten av dei 600 nok ikkje blir bygd ut. Tidsperspektivet er langt viktigare enn før. Velg ein partner som velger ditt prosjekt framfor andre sitt, oppmodar Jenssen.