Mykje svensk kjernekraft er stengd
Fire svenske kjernekraftverk med ei samla effekt på 2857 MW er no utilgjengelege grunna årleg vedlikehald, melder NVE i sin siste kraftsituasjonsrapport.
Saman med låge temperaturar som førte til auka forbruk, bidrog den manglande kjernekrafta til ein prisoppgang i Noreg i veke 18.
Lågare vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark bidrog og til å løfte prisane. Samanlikna med veka før steig prisane med nærare 10 prosent, skriv NVE.
Oskarshamn 1 (473 MW) vart teken ut av marknaden den 23. mars grunna feil og vil vere ute i årleg vedlikehald til 22.mai.
Oskarshamn 2 (638 MW) har vore ute til vedlikehald sidan 1. juni 2013. Vedlikehaldsarbeidet vil halde fram til 20. desember 2015.
Ringhals 1 (881 MW) vil vere ute til årleg vedlikehald frå 12.april til 8.juni.
Ringhals 2 (865 MW) har, grunna vedlikehald, vore utilgjengelig frå 15. august 2014. Kraftverket er venta tilbake 25. juli 2015.