Hydrogenproduksjon ved småkraftverk?

Hydrogen kjem for fullt som energiberar. Hydrogenbilar køyrer på norske vegar, og dei fleste større bilmerka kjem på marknaden med hydrogenmodellar i løpet av eit par år. Kan hydrogenproduksjon verte tilleggsnæring vedd småkraftverka i periodar med låge kraftprisar?

– Dette er eit interessant spørsmål, seier prosjektleiar Terje Engvik i Småkraftforeninga etter å ha delteke på hydrogenseminar i det største småkraftfylket Sogn og Fjordane. Seminaret hos Hellenes AS i Førde var eit samarbeidsopplegg mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Maritim Forening i Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Christian Michelsen Research. Mange representantar frå hydrogenmiljøa i landet var representert på seminaret, som samla heile 60 deltakarar. 
Teknologien er klar
– Det finst elektrolyseanlegg med kapasitet t.d. 1 – 3 MW på marknaden, klare til å setjast i produksjon ved småkraftanlegg, seier prosjektleiar Terje Engvik.
Vidare er det på marknaden hydrogenbilar til under ein halv million kroner, som er elbilane langt overlegne på fleire viktige punkt. Dei har om lag same køyreeigenskapane, men fyllast på 2-3 minutt, har rekkevidde på 60 mil og fungerer like godt kalde vinterdagen som i varmt ver.
Høna og egget
– Men så er det infrastrukturen. Der er det store manglar førebels, og etableringskostnadene vert høge. Mottaks- og distribusjonssystem for hydrogen er ikkje på plass, og fyllestasjonar finst det berre nokre få av i det sentrale Austlandsområdet. Produksjonsanlegga for hydrogen ligg førebels høgt i pris. Korleis skal ein så komme i gang med denne klimavennlege og framtidsretta teknologien? Det vert litt som «høna og egget»- diskusjonen kring nettutbygging, seier Engvik. 
Småkrafteigarane er vel kjende frå nettdebatten om kva som må kome fyrst – nett eller produksjon. 
– Det gode svaret er sjølvsagt heilskapsløysingar med godt samarbeid og finansiering i botn, seier han.
Mulegheitsstudie
Sogn og Fjordane Fylkeskommune utfører no ein mulegheitsstudie for satsing på næringsutvikling basert på hydrogen. Småkraftforeninga var representert under idédugnaden i samband med hydrogenseminaret.
– Det er truleg ein lang veg fram. Men det må vere rett av småkraftnæringa å følgje utviklinga og verte med på utviklingsprosjekt om tilstrekkeleg finansiering let seg skaffe, seier Engvik.