Året er på hell, og det er tid for å planegge neste års marknads-aktivitetar.Bransjens møteplass nr. 1, “Småkraftdagane”, blir neste år arrangert i Bergen, på Quality Hotell Edvard Grieg, tysdag 1. – torsdag 3. mars. Detaljert kjøreplan blir lagt ut på nettsidene på nyåret.
Det blir eige bookingsystem for bestilling av hotellrom, dagpakke, middag etc.
Hotellet har 350 rom, så det er hyggeleg å kunne innkvartere alle under samme tak.
Bestilling av messeplass følger samme opplegget som for Småkraftmessa i Ålesund.
Nytt av året er at vi også har utvendige plassar, for dei som ønskar å presentere tyngre utstyr, ta med ein tilhengar, lastebil osv. Utvendig standplass er gratis, for dei som bestiller innvendig messeplass.
Nytt av året er også at bestilling av messeplass gir inngang for 4 personar på konferansen – i motsetning til i Ålesund der det berre var 2. Kjekt å fordele bemanninga på fleire personar når arrangementet tross alt går over 3 dagar.
Bestilling av standplass, både utvendig og innvendig gjer du her.
På denne nettsida finn du også detaljar om dei respektive plassane. Prisen er som i Ålesund, 17.500 eks MVA for standard messeplass, og 20.000 for ekstra stor.
Alle 93 standplassaane er lagt ut i ein tabell med grønn farge på påmeldingssida,
og etter kvart som reservasjonane blir gjort, endrar dei respektive standnr farge raud. Studer dei vedlagte hotellkarta i forkant, slik at du veit standnr du skal registrere. Når alle felta i påmeldingsskjemaet er fylt ut, og du har trykt send, så får du bekreftelse på skjermen, samt ein epost i retur med konfirmasjon av alle detaljane du har registrert i påmeldingsmenyen.
VELKOMEN SOM USTILLAR PÅ SMÅKRAFTDAGANE 2016