Ekstremvêret Synne gav låg kraftpris

Ekstremvêret Synne gav store utslag på kraftmarknaden i førre veke. Etter rekordmykje nedbør ligg fyllingsgraden no over historisk maksimum i Sørvest-Noreg.

All nedbøren saman med høge temperaturar for årstida bidrog til at fyllingsgraden i dei norske vassmagasina gjekk opp, syner NVE sin siste kraftsituasjonsrapport.

Ikkje berre regna det mykje under ekstremvêret, det var òg mye vind. Det ga rekord i vindkraftproduksjonen i Sverige, aldri har det blitt produsert så mykje elektrisitet frå vindkraft i løpet ein time eller eit døgn, som førre helg.
Samstundes var Sveriges største kjernekraftreaktor, Oskarshamn 3, tilbake i drift etter feil. Til saman gav ekstremvêr og meir tilgjengeleg produksjon låge kraftprisar.
Natt til søndag var kraftprisen i Sør-Noreg 3-4 øre/kWh.