Foreninga får 450.000 til hydrogen

NVE vil gje Småkraftforeninga 150.000 kroner i året i tre år til forsking og utvikling på hydrogen.- Vi er heldige som har eit så framtidsretta direktorat, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i foreninga. Småkraftforeninga har eit tett samarbeid med NVE og foreninga søkte nyleg om pengar til eit hydrogenprosjekt.

Tysdag kom meldinga frå NVE om at leiargruppa har gitt foreninga 450.000 fordelt over tre år.

– Det er vi veldig godt fornøgd med. Pengane skal vi bruke til å sjå på hydrogenproduksjon opp mot småkraftverk og kva rolle hydrogen kan ha i framtida, seier Knut Olav Tveit.