Kva skjuler seg under denne duken? Det vil deltakarane på småkraftmessa i Bergen finne ut i løpet av dagen. Stikkordet er Hydrogen! Prosjektleiar Olav Skeie har planlagt messa i over eit år.
– Alt er i rute! Heile 400 personar har meldt seg på og vil vere med under Småkraftdagane 2016, seier ein godt nøgd arrangør.
45 utstillarar er på plass på det romslege messeområdet med det nyaste av utstyr til småkraftverk. I salen er det eit tettpakka program meg fagleg påfyll. NVE tjuvstarta som vanleg tysdag med sine seminar. Onsdag er det spesielt Hydrogen som er stikkord for dei ulike innlegga. Torsdag er sett av til “Work shop” med mange ulike tema.
Leiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Ola Elevestuen er venta til Bergen så fort han er ferdig med møta på Stortinget. Han har fått temaet “Norsk fornybarsatsning – fremtid, virkemidler, småkraftens rolle“
Olav skeie er godt nøgd med å ha arrangementet i Bergen.
– Vi har aldri hatt så fint hotell. Her er alt på eit plan og alt ligg godt til rette, seier han.
Og for dei som lurar på kva som er under duken i salen: Bli med og sjå når Toyota Norge går på talarstolen kl 12 og presenterer si storsatsing. Dei lovar også prøvekøyring…..