Egil får hjelp frå Europa
Sjølv med eit godt småkraftprosjekt møtte Egil Kambo skepsis i banken. Løysinga blei billeg toppfinansiering frå eit europeisk konsern som ser verdien av det fornybare. Denne hjelpa kan du også få.
Etter mange år som ein leiande aktør i den europeiske marknaden for opphavsgarantiar spurde ECOHZ seg sjølve, korleis kan vi lage eit produkt som ikkje berre inneheld ein garanti for at straumen kunden kjøper er fornybar – men også ein garanti for at ny fornybar produksjon vert sett i gong? Dei har kanskje funne svaret med GO2.
Utgangspunktet var vissheita om at det rundt om i landet fins mange små og mellomstore prosjekt som ligg nær på å vera lønsame, som aldri er blitt realisert. Det handlar ofte om frykta for å miste råderetten over eigen grunn trur Kjetil Røneid, økonomiansvarleg i ECOHZ og dagleg leiar i stiftinga ECOHZ Renewable Energy Foundation.
– Eg er sjølv vaksen opp på gard, så eg veit korleis det er. Ein har ein gard ein har eigd og drive i generasjonar, og då vil ein ikkje ta sjansen på å miste råderetten over livsverket, seier Røneid.
Problemet er at bankane ikkje lenger er viljuge til å fullfinansiere småkraftprosjekt i utbyggingsfasen, og om ein ikkje klarar å stille ein stor eigenkapital sjølv, vil løysinga bli å hente inn eksterne investorar i prosjektet, om det i det heile skal bli realisert. Brått sit ein då ikkje lenger med den kontrollen som ein ønskjer.
Dette kjenner Egil Kambo seg godt att i. Han er ein veteran i bransjen som allereie har ei rekkje småkraftverk på samvitet, men medan det tidligare var relativt enkelt å skaffe full finansiering for gode prosjekt, så er det strammare no. Det siste prosjektet hans ville neppe blitt til utan eit samarbeid med ECOHZ.
– Etter at finansdepartementet påla bankane å styrke eigenkapitalen sin, har det blitt mykje strengare. Bankane gjev nesten aldri tilsegn på meir enn 80-90% av utbyggingskostnadane i anleggsfasen. Om ein ikkje då sit med nok eigenkapital så fins det ingen annan utveg å hente kapitalen utanfrå, og sitte med ein medeigar i prosjektet, seier Kambo. Han er overtydd om at dette er det riktige tidspunktet for å introdusere eit slikt produkt.
– Mitt prosjekt har ein kostnad på rundt 4 kr/kW, men eg veit om prosjekt heilt ned mot 2 kr som ikkje er bygd ut fordi dei ikkje klarar å skaffe finansiering.
Slik fungerer det
GO2 er ein ny forretningsmodell som byggjer på ordninga med opphavsgarantiar. Vanlege opphavsgarantiar garanterer at straumen som vert kjøpt kjem frå ei fornybar kjelde, men dei kan ikkje garantere at eit garantikjøp vil utløyse ny fornybar produksjon. ECOHZ tilbyr eit utvida produkt kor kunden i tillegg til å betale for garantiar for straumen dei kjøper, også betalar eit påslag som går direkte til å toppfinansiere eit konkret fornybarprosjekt.
Heilt konkret får kunden sjå eit prospekt for eit aktuelt prosjekt, til dømes eit nytt småkraftverk. Prospektet blir utvikla i samarbeid mellom utbyggar og ECOHZ, og ECOHZ sørgjer for å finne moglege kjøparar gjennom sitt europeiske nettverk. Kjøparane vil vanlegvis være større bedrifter som ønskjer å få eit meir miljøvenleg fotavtrykk gjennom å betale for opphavsgarantiar, og som er villig til å betale litt ekstra for å også kunne vite at pengane går til å sette i gang eit heilt nytt fornybarprosjekt. For bedrifta kan det ha stor meirverdi å kunne vise fram det konkrete prosjektet som dei har støtta, og det kan gjere GO2 til eit attraktivt produkt for alle som er særleg opptekne av å ha eit miljøvenleg omdøme.
Organisert gjennom stifting
Av det kunden betalar for GO2-produktet går 80 % uavkorta inn i ei sjølvstendig stifting. Stiftinga låner så pengar ut til det aktuelle prosjektet, som kan få dekka inntil 15 % av prosjektet som toppfinansiering, til ei lav rente som er knytt til renta som utbyggaren får på hovudfinansieringa i sin bank.
– Vanlege økonomiske prinsipp tilseier at det er dei siste pengane som kjem inn som har høgast risiko, og som derfor også kjem med høgast avkastningskrav og høgast rente. Men sidan ordninga er organisert som ei stifting utan avkastningskrav så kan vi gje billig toppfinansiering, forklarer Røneid.
Organiseringa som stifting har også andre fordelar. Blant anna så er det sett ned som eit stiftingsformål at stiftinga skal bidra til å bygge ny fornybar produksjon. Slik kan både kunden og utbyggaren vere heilt sikre på at eigarane ikkje på eit seinare tidspunkt kan velje å ta ut overskot til seg sjølve. Sidan stiftinga er definert som non-profit får ho også skattefritak for alle pengestraumar til fornybarprosjekta.
Finansieringa kunne vore gjeve som rein støtte til prosjekta, men ECOHZ har valt å heller tilby topplån. Røneid forklarar kvifor.
– Når vi tilbyr lån så kan pengane komme attende til stiftinga og finansiere nye prosjekt når det første prosjektet er oppe og går med lønsemd. Det gjev ei dominoeffekt kor pengar som i utgangspunktet kom inn for å finansiere eitt enkelt prosjekt kan komme tilbake og finansiere stadig nye prosjekt over tid. Fokuset er på å realisere prosjekt, ikkje på kortsiktig avkasting, seier han.
Svært nøgd utbyggar
Egil Kambo er svært nøgd med ordninga, sjølv om han var litt skeptisk i byrjinga.
– Eg tenkte først at dette var eit produkt finansnæringa hadde utvikla for å lure pengar ut av ordninga med opphavsgarantiar. Men når eg ser korleis det fungerer må eg seie at eg syns dette er eit glimrande tiltak.
Han trur dette kan bli eit attraktivt produkt for dei som ønskjer å kjenne seg sikre på at pengane dei brukar på opphavsgarantiar ikkje berre er å kjøpe seg godt samvit, men faktisk gjer noko for miljøet. GO2-kjøparane som finansierer Kambo sitt prosjekt er ei stor nederlandsk teknologibedrift som allereie var ein etablert kunde hos ECOHZ
– Dei kom faktisk på vitjing og såg på området der prosjektet skal byggast ut og på andre småkraftverk eg har vore med på å bygge ut tidlegare. Dei var svært interessert i få vite mest mogleg om prosjektet. Lovnaden om at dei ville støtte prosjektet kom allereie før vitjinga var over, seier Kambo.
På utkikk etter nye prosjekt
ECOHZ er heile tida på utkikk etter nye prosjekt som kan vere aktuelle for GO2-finansiering. Prosjekta treng ikkje vere småkraftverk, men må oppfylle eit sett med kriterier.
· Teknologien må vere mogen, og prosjekta må ligge i Europa.
· Prosjektstart må vere innan 12 månader, og både konsesjon og nettilknyting må vere på plass.
· Lånet er toppfinansiering og dekker 5-15 % av den totale investeringskostnaden.
· Utbyggaren må ha fått eit betinga lånetilsagn frå bank.
Grunneigarar som sit med prosjekt som kanskje kan falle innanfor desse kriteria kan ta kontakt med ECOHZ for å få meir informasjon.