Småkraftleverandøren Energi Teknikk i Rosendal har fått nye eigarar. Samstundes overtek Arild Klette Steinsvik som dagleg leiar.
I samband med endringane blei fylgjande pressemelding sendt ut i dag:
“Energi Teknikk AS har fått nye eigarar. Kjøparar er E.T. Holding AS og investor Kenneth Hellerstedt, mens selskapet sjølv har kjøpt ein mindre aksjepost. E.T. Holding AS vart stifta tidligare i år av Eivind Tvedt og Arild Klette Steinsvik. E.T. Holding har innhenta kapital frå fleire investorar og som ny hovudeigar i Energi Teknikk har dei styrka økonomien i selskapet og rigga Energi Teknikk for vidare vekst.
Det nye eigarskapet medfører endringar i leiinga og Arild Klette Steinsvik tek over stillinga som dagleg leiar. Steinsvik kjem frå stillinga som marknadsansvarleg i Energi Teknikk og har arbeidd i selskapet sidan 2009.
– Energi Teknikk har turbinteknologi og kontrollanlegg som er heilt i toppsjiktet innan småkraftsegmentet. I tillegg har bedrifta ein stab med svært høg kompetanse innanfor produksjon og drift av småkraftverk. Det er gledeleg med eit lokalt forankra eigarskap som legg til rette for at selskapet skal auke omsetnaden og styrka marknadsposisjonen ytterlegare, seier Steinsvik i samband med ormorganiseringa.
Energi Teknikk AS har i dag 16 tilsette innanfor administrasjon, sal, teknisk, prosjektstyring og installasjon. Selskapet vil driftast etter 3 ulike forretningsområde; nysal Noreg, nysal utland og service. Selskapet har levert elektromekanisk utrusting til over 140 småkraftanlegg i Noreg. Selskapet vart etablert i 1998 og har lagt ned eit betydeleg arbeid på produktutvikling og framstår i dag som ein totalleverandør av elektromekanisk utrusting til småkraftbransjen. Bedrifta tilbyr også service- og vedlikehaldsavtalar til småkraftverk og serviceavdelinga har døgnopen vakttelefonordning. Energi Teknikk har ein marknadsandel på om lag 30 % i Noreg og marknadsutsiktene vert vurdert som aukande med stor etterspurnad etter produkt og tenester. Det er og venta vekst i eksport av utstyr. Energi Teknikk held til i Rosendal, Kvinnherad kommune. Bedrifta omsette i 2015 for 71 MNOK og har ein ordrereserve på om lag 35 MNOK.”
Sjå også Energi Teknikk sine nettsider.