Kraftlosen – noko for deg?
Talet brukarar av Kraftlosen som styringsverktøy for kraftverksdrifta aukar stadig. Det er no 62 av medlemmene som har teke systemet i bruk, med i alt kring 150 enkeltbrukarar.
Kraftlosen er eit nettbasert internkontroll- og kvalitetsstyringssystem for medlemskraftverk. Det tilfredsstiller både internkontrollkrava frå tilsynsstyresmaktene i NVE og DSB og gir eigarane ein god styrings- og oppfølgingsreiskap for drifta av kraftverket. Styresmaktene krev skriftlege internkontrollsystem. Småkraftforeninga held opplæringskurs i Kraftlosen for nye brukarar kring i landet etter behov. Det er også høve til å få tilgang til ein demo-utgave av Kraftlosen for å setje seg inn i systemet før ein tek avgjerd om å ta det i bruk.
Småkraftforeninga sitt nye forsikringstilbod frå i år frå Marsh/ KLP har også auka interessa for Kraftlosen. Dei beste forsikringstilboda oppnår ein med dokumenterte internkontrollsystem av god kvalitet. Kraftlosen er då eit naturleg val for dei fleste medlemmene.
Kontaktperson: Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post: terje@smakraftforeninga.no