Klart for Småkraftdagane

Påmeldinga til «Småkraftdagane» er opna! Dei som er tidleg ute får svært hyggelige prisar. Prosjektleiar Olav Skeie tilbyr lågare priser på det aller meste sett opp mot med dei seinaste åra.

Det er no endeleg klart for påmelding til «Småkraftdagane» som i år finn stad 28. – 30. mars i Stavanger.
 
Dagane har som vanleg eit omfattande program kor statssekretær Kjell-Børge Freiberg i Olje- og Energidepartementet er hovudtalar. 
 
«Småkraftdagane» samlar årleg meir enn 400 deltakarar og 50-60 utstillarar, og er heile bransjen sin naturlege møtestad.
 
– I år har me forhandla fram svært gode prisar på hotellet slik at det meste vert billegare enn i fjor. Her er det mykje å spare for den som melder seg på tidleg, seier prosjektleiar Olav Skeie.
 
Meir informasjon samt påmelding av deltakarar og kjøp av utstillarplass finn du på www.smakraftdagane.no