Bli med på fossilt eventyr

Ta turen dit olja er fossil i dobbel forstand. På Småkraftdagane kan du få vite meir om Noregs største råvareeventyr – til no.

Tirsdag 28. mars kl 18:00 har vi reservert Oljemuseet for eit innblikk i «hydrokarbon-bransjen». 
Etter  guiding ca 1,5 time, går vi direkte over i restauranten til Bølgen & Moi, som ligg i den same bygningen. Her blir det variert tapasbufeet, kor dei som velger omvisinga hos Lervig Aktiebryggeri også deltar.
Norsk Oljemuseum i Stavanger er eit moderne, interaktivt museum der du kan oppleve korleis olje og gass blei til for millionar av år sidan, korleis petroleum blir funne og produsert, og kva desse ressursane blir bruka til. Ved presentasjon av originale gjenstandar, modellar, filmar og interaktive utstillingar blir soga om oljeverksemda på norsk kontinentalsokkel formidla. Museet gjev også innsikt i teknologiutviklinga innan olje- og gassindustrien, og korleis denne næringa har påvirka det norske samfunnet.
 
Museet viser den historiske utviklinga frå dei fyrste plattformene som bora i Nordsjøen, via stål- og betongplattformer utvikla og bygd i Noreg – til moderne, fleksible produksjonsskip og undervass-system som ser ut til å vere framtida si løying på norsk sokkel.
Påmelding til oljemuseet og tapasbuffeten gjer du i den ordinære påmeldingsmenyen for konferansen.