Småkraftdagane er i gang

Onsdag starta Småkraftdagane i Stavanger med 385 påmelde deltakarar. – Eigedomsskatten og sertifikata er dei to store sakene for småkraftforeninga nå. Dei sakene må vi utfordre politikarane på, sa styreleiar Bjørn Lauritzen i opningstala.

Denne gongen er småkraftdagane på Sola utanfor Stavanger.

– Det er triveleg å vere på ein ny stad. Her fekk me ei god avtale med hotellet og me er nær eit aktivt småkraftmiljø i Ryfylke og på Haugalandet, seier prosjektleiar for arrangementet, Olav Skeie. Han trur medlemene syns det er viktig at småkraftdagane er spreidd over heile landet og besøker nye stader.
– Det er viktig å fornye småkraftdagane og få nye impulsar, seier han.

Tysdag var den tradisjonelle NVE-dagen med veldig godt besøk, det var 50 fleire besøkande enn i fjor.

 

Onsdagsprogrammet er fyldig med heile 18 punkt. Blant høgdepunkta er den politiske debatten med Oscar Grimstad (FrP), Odd Hentriksen (H) og Terje Aasland (A) der temaet er «Korleis få fart på småkraftutbygginga?»

I messeområdet utanfor salen er over 50 utstillarar på plass med alt slags utstyr omkring utbygging av småkraftverk. Småkraftdagane i Stavanger er det 15. årsmøtet i foreninga og dei 13. småkraftdagane.