Krav til småkraftverka frå styresmaktene

Som andre næringsdrivande har småkraftverka mange krav på seg frå styresmaktene. Småkraftnytt tek her føre seg nokon av dei mest aktuelle.

Fosweb – frist 1. oktober
Alle småkraftverk med installert merkeeffekt over 1 MW har fått brev frå Statnett om nytt elektronisk rapporteringsopplegg for data til Fosweb-systemet, som har til føremål å gi Statnett grunnlag for å drifte kraftsystemet mest muleg sikkert og effektivt. I det siste brevet var det gitt opp 2 fristar – ein i august og ein 1. oktober. Det er den siste fristen som gjeld som utsett frist for småkraftverka. 

Småkraftforeninga har etablert kontakt med Statnett for god dialog om innrapporteringa. Fleire småkraftverk er ferdige med jobben, andre er i gang, medan ein del framleis kvir seg til å ta føre seg oppgåva, som kan vere omfattande og komplisert. Ikkje minst kan det vere krevjande å skaffe fram alle data som Statnett spør etter. Og jo eldre kraftverket er, jo vanskelegare kan det vere å skaffe oversyn over alle data.

Småkraftforeninga har eit klart råd til alle medlemmene: Ikkje sit i ro om du synest Fosweb-rapporteringa er for krevjande. Dette kan i verste fall føre til tvangsmulkt. Ta kontakt snarast med Statnett å få råd om korleis du kan komme i gang. Statnett nyttar ressursar på å hjelpe småkrafteigarane med Fosweb-rapporteringa, mellom anna ved Glenn André Knutheim, som heldt foredrag om temaet under Småkraftdagane i Stavanger i år.

Kontaktinfo til Fosweb er: Tlf. 23904390 , epost: fos@statnett.no. Andre aktuelle kontaktkjelder for råd og data er kompetansepersonar i nærmiljøet, nettselskapet og elmekleverandøren.

Internkontroll 
Som alle andre næringsdrivande har småkraftverka krav på seg om å ha eit internkontrollsystem. Og det skal vere skriftleg. To ulike tilsynsstyresmakter kan ved tilsyn gi småkraftverka avvik for manglande internkontrollsystem: NVE og DSB. Det skriftlege internkontrollsystemet skal innehalde dokumentert oversyn over aktuelle lover og forskrifter, data og rutinar for kraftverket og eit avvikshandsamingssystem. Dei fleste kraftverka har eit internkontrollsystem i ei eller anna form. Men for ein del kan praktisk bruk, ajourføring og oppdatering har vorte forsømt. 

Småkraftforeninga har tilbod til medlemmer om det nettbaserte internkontrollsystemet Kraftlosen, som også er eit kvalitetsstyringssystem som kan gi sikrare og meir effektiv drift av kraftverket. 61 medlemskraftverk har til no teke dette i bruk.

Instruert personell-opplæring
DSB krev at alle småkraftvakter som skal kunne handtere brytarar og vern i kraftverket skal ha elsikkerheitsopplæring – instruert personell-kurs (FSE-kurs). Småkraftforeninga har i dialog med DSB fått aksept for at medlemskraftverka normalt vil kunne greie seg med denne opplæringa kvart tredje år i staden for årleg, som er den generelle regelen. Småkraftforeninga starta elsikkerheitsopplæring på Småkraftdagane i 2015 og heldt fram med mange kurs kring i landet frå hausten 2015. Foreninga reknar med tilsvarande høg kursaktivitet i 2018, då det er tid for fornya kurs. I tillegg er det stadig ein del kraftverk som ikkje har denne kursinga i orden. Småkraftforeninga arrangerer kurs lokalt så sant det melder seg tilstrekkeleg tal deltakarar – ca. 15. stk.
Kontaktperson for både Kraftlosen og FSE-kursa er: Organisasjonsrådgjevar Terje Enavik, tlf. 975 17 111, e-post: terje@smakraftforeninga.no