-Førstehjelpspakkar høyrer heime i kraftverka, seier organisasjonsrådgjevar Terje Engvik i Småkraftforeninga. Men 20.000 kroner for tre uleverte pakkar frå Beograd må ein absolutt ikkje betale. Småkraftforeininga har fått fleire meldingar om falske fakturaer dei siste dagane. Varen og prisen er den same på alle fakturaene: Kr. 19.770 for tre førstehjelpspakkar. Men svindlarane bak har vore kreative og laga ulike firmanamn som utstedarar. På nokon av fakturaene er det berre ein førsthjelps-kross oppe til venstre. På andre er det nytta namnet på konkursfirma i Sverige kopla med faktiske adresser.
– Det er ikkje så vanskeleg å sjå at fakturaene er falske, seier Engvik. Og småkraftbransjen er truleg eit dårleg treff for dei som vil ut for å svindle, med svært oversiktlege administrative tilhøve i bedrifta. Likevel har dei som står bak vore kreative med referansenamna – berre heilnorske namn frå distrikts-Noreg. Rådet til dei som får slike fakturaer i posten er klart: La dei gå rett i boss-spannet.