FSE? Det tek du på dagane!
På Småkraftdagane kan du ta lovpålagte FSE-kurset. Elsikkerheitsopplæring er noko alle vaktar ved småkraftverk må ta kvart tredje år. Foreninga vil halde kurs andre stadar i Noreg seinare på året.
Kurs nødvendig etter krav frå DSB, men 3-årig kursfrekvens no akseptert: DSB krev FSE-kurs for småkraftvakter som skal kunne handtere vern og brytarar. Manglande kurs gir avvik ved tilsyn. Men etter aktiv jobbing frå Småkraftforeninga i 2016 aksepterte DSB at eit typisk medlemskraftverk hos oss kan leggje inn i internkontrollsystemet at opplæring kvar tredje år gir den nødvendige sikkerheit. Kurset varer 3,5 time og inkluderer den pålagde opplæringa i førstehjelp med hjarte- og lungeredning.
Kurs i 2018: Småkraftforeninga starta kurstilboda i 2015, med start under Småkraftdagane i mars. Det er i år 3 år i år sidan mange av medlemmene våre tok kurset. Det er trong for fornying for å tilfredsstille krava. Difor arrangerer vi også i år kurs under Småkraftdagane og kring i landet der det er ynskje om kurs.
Kurs under Småkraftdagane 20.-22. mars i Bergen: Småkraftdagane har som vanleg eit rikhaldig program som vil vere nyttig både for alle medlemskategoriar i Småkraftforeninga – sjå http://smakraftdagane.no/index.php. Høver det å vere med på Småkraftdagane i Bergen, kan ein få tatt kurset der – til litt lågare pris enn ved distriktskursa. Kurset i Bergen kostar kr. 1.900. Det er kurstilbod om kvelden den 20.03 og om ettermiddagen den 22.03. Kurset varer 3,5 timer. Instruktør er Dagfinn Nilssen frå Fagkurs Elektro. Påmelding skjer samtidig med påmelding til Småkraftdagane. Har du alt meldt deg på og ynskjer å delta på FSE-kurs likevel, let det seg gjere å endre påmeldinga.
Påmelding her.
Lokale/ regionale kurs i april, mai og september – desember: Småkraftforeninga arrangerer dei kurs som trengst for å dekke behovet hos medlemmene. Lokalisering og tidspunkt vil bli tilpassa ynskje frå kursdeltakarane. Kursa varer i 3,5 time og vil gå på føremiddag, ettermiddag eller eventuelt kveld. Etter gjennomført kurs får deltakarane tilsendt kursbevis. Til tross for at kurskostnadene våre har auka noko i 2018, held vi kursprisen på same nivå som i fjor: Kr. 2.475 og 20% rabatt frå og med deltakar nr. 2 frå kraftverket (pris kr. 1.980). Prisen for ikkje-medlemmer er kr. 2.925.
Meld ifrå om de vurderer å bli med på kurs i 2018: Småkraftforeninga treng oversyn over kursinteresse i planlegginga av dei lokale/ regionale kursa. Vi ynskjer å arrangere kursa slik at reiseavstanden vert kortast mogleg for deltakarane. Terje Engvik registrerer ynskje om kurs og svarer på spørsmål:
Terje Engvik
Prosjektleiar/organisasjonsrådgjevar
Tlf. 975 17 111
E-post: terje@smakraftforeninga.no