For ein del går 3 års fristen for fornying av elsikkerheitskurs for småkraftvakter ut i år. Ein del nytta høvet til å ta kurset under Småkraftdagane i Bergen. For lokale kurs er det Vestlandet som no står for tur. Det vert kurs på Sævareid, Skei og i Førde i nær framtid. Det er enno nokre få ledige plassar att på desse kursa:
Sævareid i Fusa: Tysdag 10. april kl. 10.00 – 13.30
Førde: Onsdag 11. april kl. 13.45 – 17.15
Skei: Torsdag 12. april kl. 10.00 – 13.30
Kurset høver både for dei som treng fornying etter 3 år og for småkraftvakter som enno ikkje har teke FSE-kurset. Instruktør er Dagfinn Nilssen frå Fagkurs Elektro. Høver ikkje tid og stad, tek Småkraftforeninga gjerne imot melding om kursinteresse. Foreninga arrangerer kurs lokalt over heile landet så sant vi får registrert tilstrekkeleg interesse for kurs.
Kontaktperson for påmelding og informasjon: Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post: terje@smakraftforeninga.no.