Ny IK Vassdrag her!

Retteiar for utarbeiding av internkontrollsystem etter vassdragslovgjevinga er no revidert av NVE. Last ned den nye utgåva her.

Den nye rettleiaren gir ei utdjuping av dei krava som følgjer av internkontrollforskrift for vassdragsanlegg, skirv NVE på sine nettsider. 
 
Alle vassdragstiltak som har konsesjon etter vassdragslovgjevinga er underlagt Forskrift om internkontroll etter vassdragslovgivningen, FOR-2011-10-28-1058 (Ik-vassdrag). NVE fører tilsyn med at krava som følgjer av forskrifta vert stetta, både gjennom tilsyn og gjennom revisjonar av internkontrollsystem.
 
Den reviderte rettleiaren gir døme på korleis dei ulike krav i forskrifta kan oppfyllast og kva som kan generere avvik ved revisjon av internkontrollsystem. 

Her finn du den nye rettleiaren.