— I Sogn og Fjordane vart kursinteressa så stor at vi måtte halde eit ekstrakurs på Sandane i tillegg til planlagt kurs på Skei, føyer organisasjonsrådgjevar Terje Engvik i Småkraftforeninga til. Og på det siste kurset i år i Ørsta var det heilt fullt.
På kursa i haust har også Småkraftforeninga sine samarbeidspartnarar på kraftsal Skagerak Kraft og på forsikring Marsh/ KLP fått høve til å vere med og presentere seg kort.
— Dette har verka positivt for kursarrangementa, meiner Dagfinn Nilssen. Det er nemleg ei logisk kopling mellom kvalitetskrava frå forsikringsselskapa og El-forskriftene. Ofte viser forsikringsselskapa til sikkerheitsforskrifter, til dømes el-sikkerheitsforskriftene som eigarar av bygg med el-anlegg skal kjenne til. Tilsyn og vedlikehald vert sett som svært viktige element i sikkerheita.
Dagfinn Nilssen frå Fagkurs Elektro er Småkraftforeninga sin FSE-instruktør
— Eg har også inntrykk av ei positiv haldningsutvikling hos småkraftvaktene sidan vi starte med det fyrste FSE-kursa for Småkraftforeninga for 3 år sidan, held Dagfinn Nilssen fram. Eg opplever auka forståing for at det er viktig med kunnskap om elektrisitet og farar som kan oppstå dersom ein ikkje følger FSE-forskrifta, til dømes ved feilbetening av utstyr. Dei fleste kursdeltakarane føler seg tryggare når de kjenner til regelverket, forskrifta, kva som er «lov» og har etablert eit system for instruert personell. Også den pålagde, praktiske førstehjelpsdelen av kurset ser mange som nyttig å få med seg. Dette er viktige kunnskapar å ha med seg både i yrkes- og privat samanheng.
Småkraftforeninga reknar med at det no ikkje vert fleire kurs før tidlegast under Småkraftdagane i 2019. Men foreninga noterer heile tida ned ynskje om lokale kurs. For vidare planlegging er det ein fordel å få uforpliktande melding frå dei som ynskjer kurs i nærområdet. Kursinteresse kan meldast til organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje@smakraftforeninga.no.