Storkontrakt til småkraftklynge Kvinnherad

(05/12/2018) Leverandørindustrien i og rundt Kvinnherad stakk av med den attraktive kontrakta for Tokagjelet Kraftverk. I førersetet for avtalen finn ein Energi Teknikk i Rosendal.

-Flere stadar i landet er det bygd opp lokale næringsklynger rundt leveransar til småkraft. At leverandørindustrien i Hardanger nå tar eit skritt vidare med å levere til Tokagjelet som er eit “storkraftverk” er gledeleg. Det visar at 15 år med småkraftutbygging ikkje bare har skapt store mengdar fornybar energi, men også ein sterk verdikjede slik ein finn eit døme på i Kvinnherad kor Energi Teknikk ofte nyttar lokale underleverandørar, seier daglig leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga.

Clemens Kraft og Energi Teknikk inngjekk torsdag i førre veke avtale om bygging av Tokagjelet kraftverk. For begge partar er dette ein historisk leveranse ettersom den av omsyn til storleik er det største anlegget dei har levert. For Energi Teknikk er dette også ein ny leveransemodell kor ein tek ansvaret for heile leveransen av kraftverket, ikkje berre turbinutstyret slik turbinleverandøren frå Rosendal vanlegvis gjer.

– Her skal vi levera heile kraftverket, det betyr at vi skal levera inntakskonstruksjonen, vassvegen som skal gå i tunell, kraftstasjonen og sjølvsagt turbinutstyret, seier Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk i ei pressemelding.

Aril Klette Steinsvik er dagleg leiar i Energi Teknikk i Rosendal. (Foto: Energi Teknikk)

Han er stolt over det dei har fått til, men understrekar at dette er ein siger dei deler med fleire.

– Det heile starta då kunden var ute med fleire førespurnader samstundes. Energi Teknikk rekna på turbinutstyret og det var fleire entreprenørar som rekna på ulike delar av anleggsarbeidet. Vi kom i dialog med Hardanger Maskin frå Utne, dei vurderte å tilby delar av anleggsarbeidet. Vi diskuterte ulike løysingar for å optimalisera anlegget for å utarbeida eit konkurransedyktig tilbod. Dette enda i ein totalleveranse kor Energi Teknikk og Hardanger Maskin skal samarbeida om leveransen.

Hardanger Maskin har erfaring med bruk av TBM (tunellboremaskin) til bygging av vasstunell for kraftverk. Det er denne teknologien som skal nyttast på Tokagjelet. TBM-teknologi og brei røynsle frå mange turbinleveransar frå Energi Teknikk gjorde sitt til at Clemens Kraft til slutt enda på modellen frå dei to vestlandsleverandørane.

– Småkraftkompetansen frå Energi Teknikk saman med TBM-kompetansen frå Hardanger Maskin vart nok avgjerande for at vi vart den føretrekte leverandøren til Tokagjelet, meiner Steinsvik.
No startar den verkelege jobben kor anlegget skal byggast og utstyr skal produserast og setjast i drift.

– Vi startar opp med jobben med ein gong og byggetida er rekna til å vera om lag 28 månader, fortel Steinsvik.

Energi Teknikk utvidar med denne kontrakten sitt leveringsomgfang ut over definisjonen «småkraft», dette er ei anerkjenning av Brekketurbinen som selskapet har levert større og større versjonar av dei siste åra.

– Våre ingeniørar har levert gode referansar dei siste åra og turbinteknologien vi leverer viser seg å vera konkurransedyktig og etterspurd, fortel Steinsvik
Kontrakten er den desidert største i selskapet si historie. Partane er einige om ikkje å gå ut med kontraktsverdi, men dei fleste skjønar jo at dette er eit betydeleg løft for Energi Teknikk, seier ein nøgd Steinsvik.

Clemens Kraft skriver i en pressemelding at dei er “glade for å kunne starte opp byggearbeidene med Tokagjelet Kraftverk, som er det største kraftverket i porteføljen vår til nå. Tokagjelet er et viktig prosjekt som bidrar med nærmere 80 GWh i målet om minimum 600 GWh småkraft i produksjon innen 2021.”

Tokagjelet kraftverk:

  • Utførelsesentreprise for bygging av inntak, vassveg i fjell utarbeidd med TBM, kraftstasjon, komplett elektromekanisk utrustning med to Peltonturbinar på 13,45 MW effekt kvar.
  • Årleg produksjon er berekna til 76 GWh
  • Eigar: Clemens Kraft
  • Plassering: Kvam herad, Hordaland
  • Levering: Vinteren 2020/2021

Clemens Kraft er datterselskap av Opplysningsvesenets fond. I 2017 kjøpte sveitsiske CPV/CAP Pensionskasse Coop 49,9% av aksjane i Clemens Kraft. Samarbeidet mellom Ovf og CPV er ein vesentleg finansiell styrking av selskapet, og gir  kapasitet til å utvikle og auke engasjementet innan fornybar energi. Clemens Kraft er i dag er blant dei største utbyggjaraene av småkraftverk i Noreg. Clemens Kraft blei etablert for å bygge småkraft på fondets grunn. De seinare åra har selskapet også gjort oppkjøp av fleire småkraft-selskaper. Clemens Kraft har i dag 28 småkraftverk i produksjon, 11 kraftverk i byggefasen og 12 prosjekt som nærmar seg byggestart.

Energi Teknikk AS vart etablert i 1998 og er i dag ein totalleverandør av elektromekanisk utrusting til småkraftbransjen. Verksemda tilbyr også service- og vedlikehaldsavtalar til småkraftverk, med døgnopen vakttelefon. Selskapet har 18 tilsette innan administrasjon, sal, teknisk, prosjektstyring og installasjon, og er lokalisert i Rosendal i Kvinnherad kommune, Hordaland. Kompetansesenteret samlar kunnskapen og erfaringa frå 150 leverte anlegg gjennom to tiår. Her har ein bygt opp kompetanse på både oppføring og drift av småkraftanlegg. Selskapet har utvikla eigne turbindesign og kontrollanlegg, og har solid kompetanse på berekningar og strømningsoptimalisering. Energi Teknikk har levert elektromekanisk utrusting til over 150 småkraftanlegg i Noreg, samt fleire i utlandet. Selskapet har ein marknadsandel på rundt 30 % i Noreg, og omsette i 2017 for 84 MNOK. Ordrereserven er på om lag 105 MNOK.

Illustrasjonfoto: Biletet er frå Tokagjelet i Kvam og tatt ca 1915. Kilde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane / Wikimedia Commons

 



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog