Småkraft får regulere i Bindal

NVE gjev Småkraft AS løyve til å regulere Søbergsvatnet i Eidsvassdraget i Bindal kommune i Nordland. Reguleringa vil auke produksjonen i Søbergsvatnet kraftverk med om lag 3,2 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 160 husstandar, i følge ei pressemelding frå NVE.

Søbergsvatnet kraftverk blei satt i drift i 2011, og då utan reguleringsmagasin. NVE har no gjeve løyve til regulering av vatnet med 1 meter, noko som ligg innanfor naturleg svingning av vasspelet. I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket vil få auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa ulemper knytt til landskap, naturmangfald og reindrift.

NVE meiner at slepp av minstevassføring frå Søbergsvatnet i stor grad vil ta vare på livsmiljøet i og langs elva, og dempe ulemper for landskap og friluftsliv. Anleggsperioden skal avtalast med reinbeitedistriktet som har dyr på vinterbeite i prosjektområdet.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til regulering av Søbergsvatnet på nærare fastsette vilkår.

Søberg kraftverk i dag:

Nedbørsfelt
Minstevannføring
Inntakskote
Kraftstasjonkote
Fallhøgde
Produksjon
Tilsvarar
18,1 km2
400 l/s Sommer 60 l/s vinter
221 m
40 m
181 m
16,2 GWh
810 husstander

Kilde: www.smakraft.no

Foto: Inntaket på Søberg kraftverk i Bindal. Kilde: www.smakraft.no