Måndag til onsdag, 11 – 13. mars inviterer NVE og Småkraftforeninga til bransjens viktigaste møteplass 2019. Lokasjonen er ny, nå reiser vi til Scandic Seilet hotell i Molde. Molde er ein koseleg by og hotellet ligg bare 7 km frå flyplassen.
Merk at Småkraftdagane nå er flytta fram ein dag, NVE startar på måndag og vi avsluttar onsdag. Grunnen er at det er vanskeleg å få politikarar ut av Oslo når det er spørjetime i Stortinget.
Fyldig program
Me har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag er det politikk, kraftmarknad og økonomi. Det blir blant anna ein politisk debatt om å korleis få fart på utbygginga av småkraftverk her i landet.
Onsdag er det presentasjon av leverandørar, teknikk og meir praktisk retta gruppeseminar. Andre tema er nytt frå hydrogenfronten, marknadsforedrag og praktiske tips til bygging og drift av kraftverk.
Mange utstillarar
Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 40-50 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar. Det er sett av rikeleg tid til å besøke utstillarane og lunsjen blir også servert blant dei.
Det er framleis plass til fleire utstillarar, sjå meir informasjon om bestilling her.